Ingeborg Breines, 75 år

14.08.2020

75 år Hommage à Ingeborg (Nutte) Breines, 75 år, 14.08.-20 DEN KJEMPANDE Til Sortland Gymnas Kom landsens ungdom Araya var portopnaren Til Shakespeare og verda Universiteta med opne portar Famnande armar for hungrige Førebuande var fyrste møte Mellom den ytre og indre verd Kunstsoge, fransk og idésoge Ein maîtrise i filosofi frå Nantes Forstanden ser verda utanfrå Intuisjonen eitt med den indre Henri Bergsons indre erfarings metafysikk Intuisjonenen føder unio mystica Romantikkens djupaste filosofi Sjelelivets tidsmedvit og erindring Tankeverdas og kunstverdas La durée Varigheita den vedvarande straumen Sjeletilstandens Fortid, notid og framtid Skapingsprinsippets drivkraft élan vital Denne dama hadde UNESCO bruk for Direktør i Paris, Islamabad og Genéve President for International Peace Bureau Fredskultur,nedrusting og kvinnespørsmål Ditt bankande hjarte har varme Utviklinga i verda ber harme Din optimisme er utan svik Din transhumanisme er søkkrik Thorleif Pedersen